Nynorsk salmebok

Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og møte vart redigert av Bernt Støylen, Peter Hognestad og Anders Hovden og utgjeven 1925. Ved kongeleg resolusjon 18. desember same året vart ho godkjend for bruk i gudstenesta i dei sokn som gjorde vedtak om det. Den fyrste kyrkjelyden som tok i bruk Nynorsk salmebok, var kyrkjelyden ved Nesland kyrke, frå 15. november 1925.

Presteforeninga meinte at salmeboka berre burde godkjennast som tillegg til ei anna salmebok. For å komme denne kritikken i møte, vart det ved kongeleg resolusjon av 1. okt. 1926 vedteke at Nynorsk salmebok skulle ha eit bokmålstillegg med 200 salmar or den gamle og den nye Landstads Salmebok. Denne boka vart utgjeven under namnet Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og skule.

Salmeboka vart utgjeven på Det Norske Samlaget.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search